LANDSKAPSANALYSE

Det vert i arbeidet med områdeplan for Espevoll Næringsområde utarbeidd ulike temakart. Legg her ut konsekvenskart som syner det føreløpige, planlagte framtidige landskapet på Espevoll. 10015_LA_konsekvenser_111006

Posted in AKTUELT | Leave a comment

ARKEOLOGISK REGISTRERING

Hordaland Fylkeskommunen har ferdigstilt rapport etter utført arkeologisk registrering i juni 2011.»
Planområdet vart overflateregistrert, og det vart grave seks prøvestikk. det vart ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne. Av nyare tids kulturminne vart det funne fem tufter, ein jordvoll, ein oppmura veg og eit område med fem rydningsrøyser. Heile rapportan kan lesast her: rapport ark.reg
Gjer merksam på at Fylkeskommunen har nytta eit eldre utkast til planområde i sitt arbeid. For korrekt planområde sjå førre nyhende «Førebels områdeplan».
Posted in AKTUELT | Leave a comment

FØREBELS OMRÅDEPLAN

Førebels områdeplan, som vart presentert på open kontordag 13.09.11, er no lagt ut. Sjå10015_Plankart_20110913_08 . (kan ta litt tid å laste ned) Understrekar at dette er eit førebels dokument som vil verte korrigert. Endeleg føreslag vil være ferdigstilt i løpet av oktober månad.

I føreslaget til områdeplan ser ein at ein har valgt å ta i vare nokre av dei eksisterande kvalitetane i området. Mellom anna elva frå Rolland, som stort sett vil liggje urørt gjennom området som eit naturleg skilje, og åsryggen mellom Espevoll og Rolland, i sørenden av området.

Ein planlegg å starte utbygginga av området på austsida (espevollsida) av elva, og dette området vert i denne omgang derfor meir detaljplanlagt enn resterande areal. I utgangspunktet ser ein føre seg at mindre verksemder skal etablere seg i sørenden, ved innkøyringa til næringsområdet, og her opnar ein i områdeplanen og for forretningar med større handelsvarer. Lengre nord vil det verte rom for meir plasskrevjande verksemder.

Vegane i området vert bygde med to køyrefelt og fortau. Det vert og sikra ein gangveg-passasje mellom Espevoll og Rolland. I tillegg er det innteikna ei mogeleg løysing på gang- og sykkelveg gjennom Hannisdalen, og inn i næringsområdet. Denne er berre meint som illustrasjon, og er ikkje planlagd å byggje som ein del av utbygginga av næringsområdet.

På strekninga frå Rollandshøgda og bort til innkøyringa til næringsområdet vil vegen verte utbetra noko, og det vert bygd gang- og sykkelveg og to busslommer. Det er her og teikna inn ei mogeleg løysing på innkøyring og parkering for  lysløypa på oppsida av fylkesvegen.

 

Posted in AKTUELT | Leave a comment

FRAMDRIFT PLANPROSESSEN

Arbeidet med forslag til områdeplan er inne i ei avsluttande fase. Forslaget skal handsamas 1. gong i Formannsskapet i desember no i år. Etter at protokoll for dette møtet er godkjent, har ein minst 6 vekers  høyringstid, før 2. gongs handsaming i Formannsskapet, med eventuelle justeringar.

Planforslaget  går deretter til Heradstyret for vedtak.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

OPEN KONTORDAG 13.09.11

Det vert halde open kontordag 13.09.11 frå kl 14-18, i Osterøy Entreprenør sine lokale i Hauge Næringspark. Dette er i tråd med vedteke Planprogram for Espevoll Næringsområde, og mellom anna tenkt som ein måte å samle inn kjend kunnskap om området på.

Det vert denne dagen høve til å sjå på førebels planmateriale, kome med innspel og stille spørsmål. Både plankonsulentar frå Plan Vest AS, representantar frå planavdelinga i Osterøy kommune og tiltakshavar Osterøy Entreprenør AS vil være til stades denne dagen.

Alle interesserte er velkomne!

Posted in AKTUELT | Leave a comment

REGIONALT NÆRINGSFOND FOR OSTERFJORD

Espevoll Næringsområde har motteke Bagatellstøtte frå Regionalt Næringsfond for Osterfjord. Den økonomiske støtte er gjeven på bakgrunn av dokumenterte utgifter i det pågåande planarbeidet. Regionalt Næringsfond for Osterfjord er finansiert av Hordaland Fylkeskommune, og vert administrert av Osterfjord Næringssamarbeid.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

UTFØRT ARKEOLOGISK REGISTRERING

Arkeologisk registrering i heile planområdet vart utført 24-28.06.11. Det vart ikkje påvist automatisk freda kulturminne.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

ARKEOLOGISK REGISTRERING

Veke 26 og 27 utfører Hordaland Fylkeskommune, ved seksjon for kulturminnevern og museum, arkeologisk registrering på området. Ein vil gjennom denne registreringa mellom anna kartleggje om det finns kulturminner som skal takas vare på i utbygginga av området.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

OMRÅDEPLAN

Arbeidet med utarbeiding av Områdeplan med konsekvensutgeiingar og  ROS-analyse pågår for fullt, og forslag til plan er tenkt ferdigstillt i midten av september. Arbeidet vert utført av Plan Vest AS i nært samarbeid med Osterøy Kommune og tiltakshavar Osterøy Entreprenør AS.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

GODKJENT PLANPROGRAM

Formannskapet vedtok i møte 09.03.11 å godkjenna planprogrammet for Espevoll Næringsområde. Planprogrammet legg føringar for det vidare planarbeidet knytta til området.

Posted in AKTUELT | Innspel er slegne av