Utbyggingsavtale med Osterøy Kommune

I påvente av utbyggingsavtale med Osterøy Kommune er utbygginga av feltet på noværande tidspunkt ikkje starta. Når avtale og det praktiske rundt tilkopling til kommunalt VA-anlegg fell på plass håpar me derimot på snarast mogeleg oppstart av førebuande arbeid for å stetta rekkefylgjekrav og ikkje minst utbygging av sjølve feltet. Me oppdaterer når brikkene fell på plass litt etter litt:) ta gjerne kontakt dersom du er interessert i å vite meir om Espevoll Næringsområde!

Posted in AKTUELT | Leave a comment

Ledige næringsareal!

Ta gjerne kontakt dersom du går med tankar om nyetablering eller flytting av di verksemd. Espevoll Næringsområde har både store og mindre areal - slik at det er mogeleg å få område som passar  perfekt for deg.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

Områdeplan godkjend

Områdeplan for Espevoll Næringsområde vart godkjend av Heradstyret  03.10.12.

 

Posted in AKTUELT | Leave a comment

Områdeplan 2. gongs handsaming

Områdeplanen for Espevoll Næringsområde er etter 1. gongs politisk handsaming ferdig med høyringsperioda. Dei merknadane som er komne inn er no vurdert, og planmateriellet noko korrigert i forhold til desse.

Vidare saksgang er handsaming 19.09.12 i Plan og kommunalteknisk utval. 26.09.12 i Formannsskapet og 03.10.12 i Heradstyret.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

Saksframlegg til formannsskapet 09.05.2012

Saksframlegget til 1. gongs handsaming av Områdeplan fpr Espevoll er klart. Møtet vert halde 09.05.2012. Sjå vedlegg for saksdokumenta.

Espevoll_saksforelegg_formannskapet_090512

Planforesegn

planskildring espevoll 26. april 2012

Plankart

Stadnamnkart

Landskapsanalyse2

Landskapsanalyse

10015_Illustrasjon Espavoll_20120403_03

Vegetasjonskart

Synlighetsanalyse

Stoysonekart

 

 

Posted in AKTUELT | Leave a comment

AREALPLAN

Arealplanen er tilnærma ferdigstilt for politisk handsaming, i første omgang av Formannsskapet. Sjå vedlegg for meir informasjon om disponering av arealet i næringsområdet.

Plankart_20120412_23

Posted in AKTUELT | Leave a comment

AREALGUIDEN BUSINESS REGION BERGEN

Espevoll Næringsområde vert i desse dagar registrert i arealguiden til Business Region Bergen som regionalt næringsområde.  Arealguiden gjev oversikt over ledige næringsareal, tomtar og lokale i regionen, og er ein del av arbeidet med å få utvikla felles strategiar og planar for framtidig utvikling av nye næringsareal i Bergensregionen.

Arealguiden er bygd opp med filtreringar som gjer det mogeleg å søke seg fram etter areal og bygg som til dømes ligg nær, flyplass, hovedvegar eller jernbane. Slik skal det være enkelt for næringslivet å finne eigna areal eller lokale.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

VEGUTBETRING VESETGJELET

Utbygginga av Espevoll Næringsområde er avhengig av at vegen gjennom Vesetgjelet vert utbetra. Konsulentfirmaet Norconsult har på oppdrag av Osterøy kommune utarbeidd ulike alternative løysingar på vegtraseen, og politikarane har bestemt at ein skal arbeide vidare med alternativ D for å sjå om dette alternativet er mogeleg å realisere. Dette alternativet omfattar veg i skjering ved Kolabakken, og har fordel ved at ein vinn høgde i Vesetgjelet.

For dei ulike alternative vegtraseeane som er presentert, sjå Silingsrapport_021211

Posted in AKTUELT | Leave a comment

FRAMDRIFT OMRÅDEPLAN

Det er gjort eit grundig og omfattande arbeid med områdeplanen for Espevoll til no. Det er likefullt eit stort prosjekt og nybrottsarbeid når det gjeld privat-offentleg plansamarbeid. Involverte aktørar er einig om at det framleis er einskilde punkt som meir utførleg må greiast ut og presiserast før områdeplanen vert sendt til Formannsskapet for handsaming. Ein vel derfor å ikkje fremje områdeplanen for Formannsskapet no, men å heller nytte tida fram til jul på vidare arbeid. Ein legg opp til politisk handsaming ikkje så langt ut på nyåret.

Posted in AKTUELT | Leave a comment

FØREBELS OMRÅDEPLAN

Siste revisjon av førebels arealplan kan du sjå her10015_Espevoll_Plankart_20111019_12

Posted in AKTUELT | Leave a comment